Gard Steiro (fødd 26. januar 1976) er ein norsk journalist og redaktør. Steiro er frå januar 2017 ansvarleg redaktør og administrerande direktør i VG. Frå desember 2012 til august 2015 var han sjefredaktør i Bergens Tidende.[1][2] Han var tidlegare journalist, nyhendeleiar og nyhenderedaktør i Bergens Tidende, og var før det journalist i Bergensavisen.

Gard Steiro

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. januar 1976 (48 år)
Yrke Redaktør
Språk norsk
Gard Steiro på Commons

Steiro vart konstituert som sjefredaktør i Bergens Tidende i 2011, medan Trine Eilertsen var i fødselspermisjon. Den tidlegare nyhetsredaktøren i Bergens Tidende, Terje Angelshaug, er stefaren til Steiro.

Den 4. januar 2017 annonserte Torry Pedersen at han slutta i jobben som redaktør i VG, og ville gjeva roret vidare til Steiro frå 9. januar 2017.[3]

I 2017 vart Steio tildela Målprisen etter at som ny sjefredaktør i VG ha opna for nynorsk på redaksjonell plass.[4]

Referansar endre

  1. http://www.ba.no/nyheter/article6375506.ece Eilertsen går av i BT, ba.no
  2. http://www.bt.no/bergenpuls/BTs-sjefredaktor-gir-seg-2806617.html BTs sjefredaktør gir seg, bt.no
  3. «Torry Pedersen går av som ansvarlig redaktør i VG». VG. Henta 4. januar 2017. 
  4. «VG-Gard vann Målprisen 2017». VG.no. 18. oktober 2017. Henta 4. januar 2018.