Bergens Tidende (BT) er ei avis som vert gjeven ut i Bergen i Hordaland og er fylkets største avis og den største utanfor Oslo. Avisa vart grunnlagd av Johan Wilhelm Eide og gjeven ut fyrste gong 2. januar 1868. Ho er ei av dei eldste norske avisene som framleis kjem ut.

Bergens Tidende

TypeDagsavis
FormatTabloid
(Fullformat før oktober 2006)
Oppretta2. januar 1868
Første trykk2. januar 1868
MålformMålformnøytral
Mest bokmål
(Bergenssaker: bokmål)
Regionavis forHordaland og omegn (hovudsakleg Sogn og Fjordane)
EigarskapSchibsted ASA (52,9%)
Nya Wermlands-Tidningens AB (20,0%)
Sparebanken Vest (9,6%)
Vital Forsikring ASA (7,2%)
Mindre eigarar (9,6%)
RedaksjonskontorKrinkelkroken 1
Postnummer5020
StadBergen
Ansvarleg redaktørEinar Hålien  (2006)
Politisk redaktørTrine Eilertsen  (2006)
NyhenderedaktørAnne Gjerde (perm.)
KulturredaktørJan H. Landro
Laussalpriskr 12,- (Hord./Sogn og Fj.)
kr 15,- (resten)  (2006)
NettstadBt.no

Bergens Tidende har språkleg fridom for journalistane, men har også ein uformell politikk om at «bergenssaker» vert skrivne på bokmål, medan saker om nynorskkommunar og fylka Hordaland og Sogn og Fjordane vert skrivne på nynorsk.

Redaksjonelt er avisa ei liberal og partipolitisk uavhengig avis. Avisa støtta lenge partiet Venstre men vart med over då Det Nye folkepartiet vart etablert etter Venstres deling på Røros i 1972. Avisa har seinare fjerna all partipreferanse.

Avisa kjem ut dagleg, med eit magasinbilag laurdagar. Avisa gjekk over til tabloidformat i oktober 2006. Bergens Tidende sender også lokalfjernsyn dagleg på frekvensen til TVNorge.

Trykkeriet til Bergens Tidende held til i Drotningsvik og trykkjer ein del andre norske aviser for vestlandsregionen. Aviser som vert tryket er: VG, Dagbladet, Dagens Næringsliv, Finansavisen og Vårt Land

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.

År Nettoopplag
2000 91 956

2002 91 099
2003 90 087
2004 88 867
2005 88 054
2006 87 076
2007 87 668
2008 85 825
2009 83 086
2010 82 432

Eigarinteresse endre

Bergens Tidende AS har direkte eigarinteresse i:

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.