Gargiaelva
Gargiaelva er ei sideelv til Altaelva i Finnmark fylke og er ein del av Alta-Kautokeino-vassdraget. Elva munnar ut om lag 27 km opp i Altaelva. Elva startar på Beskades som er ein del av Finnmarksvidda. Nedslagsfeltet til elva er lite og drenerer berre denne delen av vidda. Gargafossen som er om lag 1 km opp i elva gjer at det ikkje går særleg mykje fisk i elva. Litt røye og aure kan gå opp i nedre del av elva.
Gargiaelva | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Nedslagsfelt | 112 km² | ||
Renn gjennom | Alta og Kautokeino kommune | ||
Lengd | 24 km | ||
Kjelde | Bajimus Goastejavri | ||
• høgd | 493 moh. | ||
Munning | Altaelva | ||