Alta-Kautokeino-vassdraget
Alta-Kautokeino-vassdraget er ei elv i Finnmark fylke som startar på Finnmarksvidda ved grensa til Finland og fylkesgrensa mot Troms, og renn ut i Altafjorden. Elva er 229 km lang og har eit nedslagsfelt på 8963 km². Elva er med dette den 11. lengste i landet og den tredje lengste i Finnmark. Når ein ser på nedslagsfelt er elva den sjuande største i Noreg og framleis den tredje største i Finnmark.[1] Elva renn igjennom Kautokeino kommune og Alta kommune. Øvre del av elva ned til Alta Kraftverk heiter Kautokeinoelva og nedre del heiter Altaelva.
Alta-Kautokeinovassdraget | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommunar | Alta, Kautokeino | ||
Nedslagsfelt | 8 963 km² | ||
Renn gjennom | Kautokeino, Alta | ||
Sideelvar | Eibyelva, Gargiaelva, Mázejohka, Lahpojohka, Čábardasjohka, Siebejohka, Bizejohka, Luhppojohka, Hávgajohka | ||
Lengd | 229 km | ||
Middelvassføring | 101 m³/s | ||
Kjelde | Bajit Vuohcetjávri | ||
• høgd | 440 moh. | ||
Munning | Altafjorden | ||
Elva vart kjend under utbygginga av Alta Kraftverk, og demonstrasjonane mot utbygginga i åra 1979-1981.
Brukarar av vassdraget
endreI vassdraget er det to kraftverk, Alta kraftverk som er eigd av Statkraft SF og Čábardasjohka kraftverk som er eigd av Nord-Troms Kraftlag AL. Grunnvatnet frå vassdraget blir brukt til drikkevatnsuttak fleire stader. Største vassverk er Alta vannverk som pumpar ut grunnvatn til bruk i Alta by. Det vert drive med fiske i heile vassdraget. Vassdraget blir òg nytta som transportåre med båt, primært til privat bruk, men òg noko turisttrafikk.
Verneområde
endreDei delane som ikkje er utbygd, er verna mot utbygging i følgje verneplan II for vassdrag.
Det finst to naturreservat i nedbørsområdet til vassdraget, og det er Goskamark naturreservat i Alta kommune og Máze naturreservat i Guovdageaidnu/Kautokeino kommune. Fleire område er foreslått verna.
Busetnad
endreDet er lite busetnad langs elva sidan ho stort sett renn på Finnmarksvidda. Hovudtyngda av busetnad i nedbørsfeltet finst i området rundt Alta. Det bur om lag 7000-8000 menneske i nedbørsfeltet til vassdraget.[2]
Tettstader ved vassdraget:
- Alta
- Øvre Alta
- Eiby
- Storelvdalen
- Gargia
- Máze
- Heammogieddi
- Mieron
- Kautokeino
- Siebe
- Áidejávri
- Ákšomuotki
Elvar og sideelvar
endrejohka = elv på samisk
Attraksjonar
endre- Alta Canyon, den største canyonen i Nord-Europa.
- Alta Kraftverk, den mest omstridde vassdammen i Noreg på 110 meter.
- Pikefossen, ein 8 meter høg foss 18 km sør for Máze.
Fiskeslag
endreNedanfor Alta Kraftverk er i tillegg desse sortane:
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alta-Kautokeinovassdraget» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Statistikk frå NVE, arkivert frå originalen 24. november 2005, henta 4. mai 2008
- ↑ Side 21: Rapport om Altavassdraget og Altafjorden[daud lenkje]