Garnisonen i Porsanger

Garnisonen i Porsanger (GP) er ein garnison i Porsanger og Karasjok kommunar i Finnmark. Porsangmoen leir er hovudkvarteret til Garnisonen. Garnisonen ligg ved 70 grader nord, og er dimed det nordlegaste militære standkvarteret i verda. [1][2] Garnisonen inkluderer Porsangmoen leir, Hálkavárri skytefelt, Porsangmoen skytefelt og Banak fort.

Under den kalde krigen var garnisonen mykje brukt. Hærens jegerbataljon heldt til ved Porsangmoen, medan eit luftvernartilleribatteri var forlagt til Banak fort. Frå 2005 har garnisonen vore standkvarteret til Finnmark heimevernsdistrikt 17.[3][4] Heimevernets befalsskole (HVBS) utgjer den daglege aktiviteten.[2] Garnisonen vert også brukt av Hæren ved militære øvelsar: I 2015 gjennomførte Hæren øvelse «Joint Viking» i skytefelta ved garnisonen.[5][6]

Nedlegginga av Jegerkompaniet (tidlegare jegerbataljon) ved GP har blitt sett på som ei feiltaking. Likevel har politikarar og øverstkommanderande i Forsvaret ønskt større aktivitet ved garnisonen.[7][8] På grunn av russisk militær opptrapping vil blant anna Fagmilitært råd (FMR) auka aktiviteten ved Garnisonen i Porsanger.[9] Forsvarssjefen har uttrykt ønske om å oppretta eit mekanisert stridskompani, med både artilleri og kavaleri, ved Porsangmoen.[10][11]

Kjelder

endre
  1. «Porsanger». Forsvarets mediesenter. 2015. Henta 29. desember 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Heimevernets Befalsskole». Forsvarets mediesenter. 2015. Henta 29. desember 2015. 
  3. ««Finnmark heimevernsdistrikt 17»». Heimevernet / Forsvarets mediesenter. 2015. Henta 29. desember 2015. 
  4. Rein, Torolf (2011), «Garnisonen i Porsanger», Store Norske Leksikon, henta 29. desember 2015 
  5. Mjøen, Jarle (27. november 2015), «Forsvaret på chartertur i Finnmark», Altaposten, henta 29. desember 2015 
  6. ««Mii hárjehallat du sihkkarvouða dihtii/Vi øver for din sikkerhet»» (PDF). Forsvarets mediesenter. 2015. Henta 15. desember 2015. 
  7. Kristoffersen, Tor Kjetil (15. april 2015), «Jegerne kan komme tilbake», iFinnmark, henta 29. desember 2015 
  8. Bøe, Henrik; Berg, Rune (21. februar 2008), «Kjemper for ny bataljon», NRK Troms, henta 20. desember 2015 
  9. Lieungh, Erik (28. april 2015), «Ekspertgruppe: Slik bør Forsvaret styrkes i Finnmark», NRK Finnmark, henta 14. august 2015 
  10. Ege, Rune Thomas; Johnsen, Alf Bjarne (30. september 2015), «Slik blir det nye Forsvaret – hvis forsvarssjefen får bestemme», Verdens Gang, henta 26. oktober 2015 
  11. Kjernli, Erling (1. oktober 2015), «Forsvarsjefen: – Mangler 180 milliarder kroner», NRK, henta 14. desember 2015