Opna hovudmenyen

Karasjok kommune

kommune i Finnmark

Karasjok kommune (nordsamisk Kárášjoga gielda) er ein kommune i Finnmark fylke. Han har grense til Finland i sør og aust, og i tillegg til kommunane Porsanger og Tana i nord og Kautokeino i vest. Med ei flatevidd på 5464 km² er Karasjok den nest største norske kommunen, etter Kautokeino.

Karasjok kommune
kommune
Kaarasjoki.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Karasjok
Areal 5 453 km²
 - land 5 248 km²
 - vatn 205 km²
Folketal 2 701 (1. januar 2018)
Folketettleik 1 / km²
Norsk målform bokmål
Samisk språk nordsamisk
Ordførar Svein Atle Somby (Ap)
Kommunenr. 2021
NO 2021 Karasjok.svg
Wikimedia Commons: Karasjok
Nettstad: www.karasjok.kommune.no

KulturEndra

 
Karasjok kyrkje, bygt i 1974
 
Karasjok gamle kyrkje, den eldste attståande kyrkja i Finnmark, bygt i 1807

Innbyggjarane i kommunen snakkar finsk, norsk og nord-samisk, og kommunen er tospråkleg, med samisk og norsk som forvaltingsspråk. Rundt 80 % av dei er av samisk opphav, og kommunen blir gjerne kalla samehovudstaden. Fleire samiske institusjonar ligg i Karasjokk, mellom anna det norske Sametinget, NRK Sámi Radio, Samisk kunstnarråd og Samisk kunstnarsenter.

I Karasjok kan ein få utdanning på samisk, frå barnehage og grunnskole og seinare på sámi joatkkaskuvla, samisk vidaregåande skole. De Samiske Samlinger og Samisk spesialbibliotek ligg òg i Karasjok, den samiske avisa Min Áigi kjem ut her og forlaget Davvi Girji har hovudkontor i kommunen.

Geografi og namnesogeEndra

Karasjok kommune femner om store delar av Finnmarksvidda. Han ligg langs det øvre elvebekkenet til Tanaelva (Deatnu) og sideelvene Anarjohka og Kárášjohka. Den sistnemnde har gjeve namn til kommunen. Medan johka er samisk for elv, kan karas ha to tydingar. Mest truleg er det frå det samiske ordet for «trefat», men det kan òg koma frå finsk kara som tyder «buktande».

Tettstad i kommunenEndra

  • Karasjok - 1 844 innbyggjarar per 1. januar 2017

NæringslivEndra

Tradisjonelt har primærnæringane vore viktigast i kommunen. Framleis driv mange med reindrift, rundt 18 % er på eitt eller anna vis med på dette. Anna jordbruk og tilleggsnæringar som jakt, fiske og bærplukking livnærer òg mange. Husflid knytt til samiske tradisjonar som knivar, klede og sølv er òg ei viktig næring.

Dei fleste er likevel tilsette i kvartiærnæringar, som tenesteyting og offentleg forvalting. Turisme er blitt stadig viktigare for Karasjok.

KommunikasjonEndra

Karasjok blir rekna som eit knutepunkt i Finnmark, både for fastbuande og turistar. Europaveg 6 går gjennom kommunen på veg frå Lakselv til Tana. Det finst bussamband med Tana, Vadsø og Kirkenes i austfylket, og Lakselv, Hammerfest, Kautokeino og Alta i vestfylket. Karigasniemi er offisiell grensepost til Finland. Elles ligg kommunen nokså nær to flyplassar, 7 mil frå Lakselv flyplass og 15 mil frå Ivalo flyplass i Finland.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for Karasjok kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
885 1087 1581 1693 2193 2542 2648 2690 2877 2789

Kjende folk frå KarasjokEndra

 
Mari Boine

Verd å vitjaEndra

 
Sametingsbygningen

KjelderEndra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Karasjok 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

BakgrunnsstoffEndra