Garten er ei øy i Ørland kommune i Trøndelag. Øya har om lag 210 innbyggjarar, dels i bustadfelt frå 1979 og dels i eldre gardsbusetnader. Sidan 1948 har øya vore knytt til fastlandet med ei kort bru over Beisundet til Rønsholmen.

Garten
Garten sett frå vest-nordvest
Garten sett frå vest-nordvest
Geografi
Stad Kråkvågfjorden
Koordinatar 63°38′30″N 09°31′23″E / 63.64167°N 9.52306°E / 63.64167; 9.52306

Areal 1,5 km²

Høgaste punkt Synnørsfjellet (74 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Demografi
Folketal 210
Folketettleik 140 /km²

Øya har oppdrettsanlegg, samfunnshus og rorbuutleige. Butikk og postkontor er nedlagd. Garten skule vart i 1976 nedlagt og Grande/Garten skule vart bygd nær tidlegare Grande skole. Grande/Garten skule vart nedlagd i 2005, og elevane overført til Hårberg skule.

Det går ferje frå Garten til Storfosna i Ørland og til Leksa i Agdenes.

Garten i Fosen poståpneri vart oppretta i 1914, med handelsmannen som postopnar. Postkontoret vart nedlagt etter 1997.[1]

Litteratur endre

  • Herman Solbu: Garten : i fortid og nåtid (eige forlag, 2002) - ei omfattande minnebok frå første halvdel av 1900-talet.

Kjelder endre

  1. Jon Bakken, mfl. Posten 350 år, historisk utvikling i kommunene Ørland, Bjugn, Rissa. Trondheim, 1997.

Bakgrunnsstoff endre