Gary Pallister

britisk fotballspelar

Gary Andrew Pallister (fødd 30. juni 1965) er ein engelsk tidlegare fotballspelar fødd i Ramsgate. Han var med om å vinne fire ligameisterskap, tre FA-cuppokalar og cupvinnarcupen 1991, samt ligacupen 1992 med Manchester United. Midtstopparen spelte elles på Middlesbrough FC.

Gary Pallister
Personleg informasjon
Fullt namn Gary Andrew Pallister
Fødd 30. juni 1965 (56 år)
Fødestad Ramsgate i Kent i England
Høgd 187 cm
Posisjon Midtback
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1984–1989
1985
1989–1998
1998–2001
Middlesbrough
Cambridge (lån)
Manchester United
Middlesbrough
156 (5)
7 (0)
317 (12)
55 (1)
Totalt 535 (18)
Landslag
1988–1993 England 22 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KarriereEndra

KlubbspelEndra

Pallister spelte for Middlesbrough FC frå 1985. I august 1989 vart han overført til Manchester United mot rekordsummen 2,3 millionar pund. Dei neste åra var han fast midtstoppar på United, i spann med Steve Bruce. Frå sigeren i FA-cupen 1990 til ligatriumfen 1997 sanka Pallister ni meisterskapspokalar. Sommaren 1998 gjekk turen tilbake til Middlesbrough, der han var aktiv til 2001.

LandslagsspelEndra

Pallister spelte 22 landskampar for England i åra 1988, 1991 og 1993-96, utan å delta i noko stort meisterskap. Han var med då Noreg i 1993 slo England 2-0 i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevaal stadion i Oslo. Pallister skåra aldri på landslaget.

MerittarEndra

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1991 med Manchester United
  • Engelsk ligameister: 1993, 1994, 1996, 1997 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 1990, 1994 og 1996 med Manchester United

KjelderEndra