Ramsgate er ein by i distriktet Thanet lengst aust i Kent i England. Han var ein av dei store engelske strandbyane på 1800-talet. Hovudattraksjon i Ramsgate er kystlinja og strendene, og dei viktigaste næringsvegane er turisme og fiske. Byen har ein av dei største marinaane på den engelske sørkysten og frå hamna i Ramsgate går ferjesamband over Den engelske kanalen. Ved folketellinga i 2001 hadde byen 39 639 innbyggjarar.[1]

Ramsgate

The Royal Harbour
The Royal Harbour
The Royal Harbour
Plassering
Ramsgate is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Kent
Distrikt Thanet
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

39 639
Koordinatar 51°21′″N 1°24′″EKoordinatar: 51°21′″N 1°24′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer CT11
Telefon-retningsnummer 0 1843
Commons har multimedium som gjeld: Ramsgate

Byen består av to busetnader som er vokse saman. Den eine var fiskarlandsbyen ved kysten, plassert i ein grunn dal mellom to krittklipper, medan den andre var ein jordbrukslandsby som no utgjer soknet St. Lawrence. Klippane på begge sider vert no kalla East Cliff og West Cliff og er i dag hovudsakleg bustadområde. Det går promenadar langs begge klippekantane med parker i kvar ende.

Historie endre

 
The Sands i 1899

Ramsgate byrja som ein fiske- og jordbrukslandsby i forhistorisk tid. Namnet Ramsgate har den tidlegaste referansen som Hraefns gate (eller «klippeopning»), og blir seinare nemnt som Ramisgate og Remmesgate rundt 1225 og Ramesgate frå 1357. Dei legendariske krigarane Hengest og Horsa gjekk på 400-talet i land og innleidde den heidenske angelsaksiske perioden i England. Den kristne misjonæren St. Augustin gjekk i 597 i land i Ramsgate, og gjenoppretta med det sambandet mellom England og den kristne kyrkja i Roma.

Bygginga av hamna i Ramsgate byrja i 1749 og vart fullført rundt 1850. På grunn av nærleiken til det europeiske fastlandet var Ramsgate viktig både under Napoleonskrigane og under evakueringa frå Dunkerque i 1940.

Økonomi endre

 
Ramsgate marina, med mange populære barar og pubar

Hovudnæringa i Ramsgate er turisme og fiskeri. Marinaen i byen, Royal Harbour Marina, har rundt 800 båtplassar og 12 000 årlege vitjande per 2005. Ved marinaen ligg òg fleire båtrelaterte forretningar som driv verksemda si frå under dei renoverte bogane på Royal Parade.

 
Ramsgate Main Sands

Hovudattraksjon i Ramsgate er framleis kystlinja, då særleg Ramsgate Main Sands, som i 2008 vart tildelt Blått Flagg-status. Det lokale byrådet publiserer ein nettstad som er spesielt retta mot turistar som vitjar Ramsgate og dei nærliggande byane.[2] Ramsgate har utvikla ein kontinental café-kultur med barar og restaurantar langs strandpromenaden.

Sjølv om det framleis vert levert meir fisk i Ramsgate enn nokon anna stad i Kent (~£700,000 i 2003), så er fiskeindustrien i ein nedgangsperiode.[3]

Ei voksande næring er kraftproduksjon, der det er rekna at fleire hundre arbeidsplassar vil bli oppretta ved Thanet Wind Farm, eit vindkraftverk like utanfor kysten.

Transport endre

Hamna i Ramsgate har utanom marinaen òg ein ferjeterminal med samband til Ostende i Belgia. Tilførselsvegen til hamna i Ramsgate går i tunnel frå utanfor bysentrum for å unngå køar.

Tilknytinga til Ramsgate til vegnettet er primært via vegen A299 (Thanet Way) som held fram inn på motorvegen M2 vidare til London. Mot sør går A256 mot Dover og Kanaltunnelen.

Ramsgate jernbanestasjon ligg øvst i byen. Eit nytt høgsnøggleiks togsamband til London starta i desember 2009 på High Speed 1, Den første høgsnøggleikslinja i Storbritannia, mellom St Pancras stasjon i London og Kent. Reisetida frå Ramsgate til den nye St Pancras-terminalen er 1 time og 16 minutter.[4] Øvrige tog går frå Ramsgate til Charing Cross og Victoria i London, med ei reisetid til hovudstaden på 1 time og 50 minutt.

Kent internasjonale lufthamn ligg like vest for byen. Flyselskapet Flybe har ruter til Edinburgh og Manchester , og lufthamna vert regelmessig nytta av fraktselskap.

Venskapsbyar endre

Kjelder endre

  1. «Neighbourhood Statistics». Statistics.gov.uk. Henta 17. juli 2011. 
  2. Welcome to Thanet: Broadstairs, Ramsgate and Margate
  3. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 26. september 2007, henta 17. juli 2011 
  4. Southeastern Railway

Bakgrunnsstoff endre