Gassisk

språk på Madagaskar, og på Komorane, Réunion og Mayotte
(Omdirigert frå Gassisk språk)

Gassisk eller madagassisk er eit språk i den austronesiske språkfamilien. Ein snakkar språket på Madagaskar, der det er offisielt språk, og på Komorane, Réunion og Mayotte. Språket blir snakka av til saman 6 millionar menneske.

Gassisk
Malagasy
Klassifisering Austronesisk
 Malayopolynesisk
  Borneofilippinsk
   Barito
    Austleg
     Gassisk
Talarar gassarar, madagassarar
Bruk
Tala i  Madagaskar
 Komorane
 Réunion
 Mayotte
Gassisktalande i alt 17 000 000
Språkkodar
ISO 639-1 mg
ISO 639-2 mlg
ISO 639-3 mlg – gassisk (generisk)

xmvantankaranagassisk
bhrbaragassisk
mshmasikorogassisk
bmmnordleg betsimisarakagassisk
pltplatågassisk
skgsakalavagassisk
bjgsørleg betsimisarakagassisk
tdxtandroy-mahafalygassisk
txytanosygassisk
xmwtsimihetygassisk

Wikipedia på gassisk

Gassisk er eit VOS-språk, eitt av få språk i verda der objektet som regel kjem før subjektet i ein setning.

Skrift

endre

Det første gassiske skriftspråket nytta arabisk skrift. Det novarande systemet blei utarbeidd av misjonærar på oppdrag av kong Radama I. Det nyttar 21 latinske bokstavar: a, b, d, e, f, g, h, i, j, k, l, m, n, o, p, r, s, t, v, y, z. Tidvis nyttar ein ô (o med cirkumflex) og n̈ (n med trema).

Gassisk språkvitskap

endre

Ein av verdas fremste ekspertar på gassisk var nordmannen Otto Christian Dahl (1903-95).

Språkdøme

endre
  • Manahoana - Hei
  • Veloma - Ha det
  • Iza no anaranao? - Kva heiter du?

Kjelder

endre
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.