Opna hovudmenyen

Koordinatar: 12°50′00″S 45°08′00″E

Mayotte
   
Frankrike sitt flagg
'
Det franske flagget Det franske riksvåpenet
Mayotte på verdskartet
Status Fransk oversjøisk departementalt samfunn (collectivité départementale d'outre-mer)
President i general-rådet (Président du Conseil général) Saïd Omar Ouali
Hovudstad Mamoudzou
Offisielt språk Fransk
Areal

- % vatn

376 km²

ubetydelig

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 193 600 (2005)
ca. 515/km²

Verdsdel Afrika
Internet-domene .yt
Tidssone UTC +3
Internasjonal telefonkode +269
Nasjonalsong  


Mayotte er ei øy og eit fransk oversjøisk område nord-vest for Madagaskar. Geografisk er øya del av øygruppa Komorane men politisk vart ho skild frå Komorane då resten av øygruppa vart sjølvstendig i 1975. Folket på Mayotte valde ved folkeavrøystingar i 1974 og 1976 å bli verande franske. Hovudstaden heiter Mamoudzou.

Mayotte vart eit fransk protektorat 25. mars 1841, i 1912 vart øya annektert av Frankrike. I 1974 vart det heldt folkeavrøystingar på alle øyane i Komorane om sjølvstende frå Frankrike, Mayotte var den einaste øya som røysta for å bli verande fransk, med 63,8 % fleirtal. Dette vart stadfesta ved ei ny folkeavrøysting i 1976. Mayotte vart difor skild frå resten av Komorane, som vart ein sjølvstendig republikk. Komorane gjer framleis krav på Mayotte. Ved fleire høve har det vorte fremja forslag i Tryggingsrådet i SN som støttar Komorane sitt krav på Mayotte, desse har kvar gong blitt støtta av 11 av 15 røyster, men blitt stansa av Frankrike sitt veto. Den afrikanske unionen støttar òg Komorane sitt krav på Mayotte.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.