Gaston Reiff
Gaston Étienne Ghislain Reiff (24. februar 1921–6. mai 1992) var ein belgisk langdistanseløpar frå Braine-l'Alleud i Vallonsk Brabant. Han vart olympisk meister på 5000 meter i 1948, den aller fyrste frå Belgia som vann OL-gull i friidrett.
Gaston Reiff | |
Statsborgarskap | Belgia |
Fødd | 24. februar 1921 Braine-l'Alleud |
Død |
6. mai 1992 (71 år) |
Yrke | langdistanseløpar, mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Høgd | 173 centimeter |
Gaston Reiff på Commons |
Reiff vart sjettemann på 5000 meter då EM i friidrett 1946 fann stad i Oslo. Han store stund kom med 5000-meteren under Sommar-OL 1948 i London. Han og Emil Zátopek frå Tsjekkoslovakia hadde lagt alle bakom seg, då spurten tok til. Ingen av dei ville gje seg, men Reiff trekte lengste strået og vann på tida 14.17,6, to tidels sekund framom Zátopek. To år seinare spurta Reiff om sølvmedaljen på halvmila då friidretts-EM vart avvikla i heimlandet, og måtte gje tapt for franske Alain Mimoun; Zátopek var då i ein klasse for seg.
Reiff deltok også under Sommar-OL 1952 i Helsinki, der han braut han 5000-meterløpet. Si beste tid på 5000 m, 14.10,8, oppnådde han i 1951. Han la opp i 1958.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gaston Reiff» frå Wikipedia på nederlandsk, den 10. august 2015.