Gatúnsjøen (spansk Lago Gatún) er ein stor kunstig innsjø i Panama. Han er ein viktig del av Panamakanalen, både som vassreservoar og av di han utgjer 33 km av kanalen.

Gatúnsjøen
innsjø
Skip må følgje oppmerkte ruter over sjøen, overfløymd skog er framleis til hinder for fri ferdsel.
Land  Panama
Del av Panamakanalen
Kart
Gatúnsjøen
9°12′N 79°54′W / 9.2°N 79.9°W / 9.2; -79.9
Wikimedia Commons: Gatun Lake

Sjøen kom til mellom 1907 og 1913, då Gatúndemninga blei reist i Chagreselva. Den gongen var dette verdas største jorddemning, og sjøen var verdas største menneskeskapte innsjø. Han har ei overflate på 425 km² ved ei normal vass-stand på 26 m over havflata, då er det 5,2 kubikkilometer vatn i sjøen.

Av di nedbøren i Panama er særs variabel gjennom året, og skipstrafikken gjennom slusene gjer at mykje vatn blir sleppt ut i havet frå sjøen, er forvaltinga av vatnet i sjøen ein viktig del av drifta av Panamakanalen.

Kjelder endre