Gateavisa er eit norsk tidsskrift som har kome ut månadleg (eller med ujamne mellomrom) sidan 1969. Bladet har utspring i alternativkulturen og har mellom anna vore eit talerøyr for viktige tendensar i norsk anarkisme. Gateavisa er ein del av Arbeidskollektivet i Hjelms gate 3 i Oslo.

I siste halvdelen av 1980-talet vart bladet døypt om til Glasnost ei tid, før det vart heitande Gateavisa att frå 1989. Mellom dei som har skrive i avisa, finn ein Thomas Hylland-Eriksen, Pål Jensen og Anne Granberg. Utgjevar av avisa er Futurum Forlag.

Gateavisa har i alle år vore målberar for alternativisme og anarkisme, og har ofte gjeve ut ulike slag temanummer, med skråe blikk på forureining, klassekamp, nyreligiøsitet og Europa. Bladet melder om undergrunnskonsertar, husokkupasjon og alternative rørsler.