«Gaudete» (latin for 'gled dykk) er ein religiøs julesong frå 1500-talet. Songen var med i den svensk-finske songsamlinga Piae Cantiones, som blei gjeven ut i 1582 av Jacobus Finno frå Åbo.

Førstesida av «Gaudete» i Piae Cantiones.

Songen byrjar med eit refreng på to linjer som inneheld ordet «gaudete». Versa imellom har fire liner. Dei byggjer på den bøhmiske songen «Ezecheelis Porta». Medan refrenget har noter til, er det ikkje oppgjeve musikk til resten av songteksten musikk. Melodien ein vanlegvis syng denne til kjem frå eldre liturgibøker.

Den tredje sundagen i advent blir kalla gaudete-sundag i fleire vestlege kyrkjer.

Tekst endre

Latin Omsett
Gaudete, gaudete! Christus est natus
Ex Maria virgine, gaudete!
Gled dykk, gled dykk! Kristus er fødd
av Maria møy, gled dykk!
Tempus adest gratiæ
Hoc quod optabamus,
Carmina lætitiæ
Devote reddamus.
Den signa tida er komen,
Det som me har lengta etter,
Gledesvers
Lat oss fromt gå tilbake.
(refreng)
Deus homo factus est
Natura mirante,
Mundus renovatus est
A Christo regnante.
Gud er blitt eit menneske,
Naturen undrar seg.
Heile verda er blitt ny
av Kristus konge.
(refreng)
Ezechielis porta
Clausa pertransitur,
Unde lux est orta
Salus invenitur.
Porten til Esekiel
stengd var, kan passerast.
Der lyset er fødd,
finst frelse.
(refreng)
Ergo nostra contio
Psallat iam in lustro;
Benedicat Domino:
Salus Regi nostro.
Derfor lat vår samling
No syngja i lyset
Lat oss prisa Herren:
Helsingar til Kongen vår.
(refreng)

Innspelingar endre

I 1973 hadde elektrisk folk-gruppa Steeleye Span ein hitt med «Gaudete», sungen a cappella. Han nådde ein 14.-plass på den britiske singellista, og er dermed ein av svært få latinske og a cappella-songar som har nådd hittlistene i Storbritannia.

Andre grupper har også spelt inn songen, som Boston Camerata til albumet A Renaissance Christmas (1991), Mediæval Bæbes for Salva Nos (1997) og Mistletoe and Wine, og El Duende til Excelsis, Volume 2: A Winter's Song. Chris Squire og eit kor spelte inn ein rockeversjon tilChris Squire's Swiss Choir (2007), og mellomalderrockegruppa Schelmish performed Gaudete on their 2006 album Mente Capti. Liz Madden song inn ein versjon til albumet My Irish Home (2010).

Koret Tenebrae har spelt inn eit arrangement av Karl Jenkins, både med perkusjon og a cappella, på albumet Gaudete (2004).

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre