Åbo (finsk Turku) er ein by i landskapet Egentliga Finland. Åbo har omtrent 175 000 innbyggjarar og er dermed den femte største byen i Finland. På grunn av byhistoria og plasseringa er 5,2 % av innbyggjarane svenskspråklege. Åbo ligg i sørvestre Finland ved Aura å si munning.

Åbo
by
Land  Finland
Areal 249,1 km²
Folketal 187 604 (31. desember 2016)[1][2]
Kart
Åbo
60°27′6″ N 22°16′12″ E
Wikimedia Commons: Turku
Helsingfors universitet vart grunnlagt i Åbo 1640, segl frå tida i Åbo.
Akademitorget i Åbo 1795.

Historie endre

Åbo er ein av dei seks mellomalderbyane i Finland. Åbo vart grunnlagd på 1200-talet, og byggjinga av Åbo domkyrka og Åbo slott vart innleidd på 1280-talet. Fram til år 1812 var Åbo hovudstad i Finland, som fram til år 1809 var ein del av Sverige. År 1812–1819 vart hovudstaden flytt nærare Russland, til Helsingfors. Tre firedelar av Åbo vart øydelagd ved Åbo brann i 1827.

Våpen endre

Åbo by sitt byvåpen går attende til eit mellomaldersegl frå 1309. Bokstaven A i gotisk form viser til fyrste bokstaven i det latinske namnet på byen, Aboa. Lilja er symbolet for jomfru Maria, som Åbo domkyrkje er helga til. Hertugkrona kroner skjoldet ettersom Egentliga Finlands landskapsvapen har hatt hertugkrone sidan år 1557, etter at det som då var Finland vart gjeve til hertug Johan 1556.

Lokale dagsaviser endre

Utdanning endre

Åbo hadde eit universitet fram til 1827 då det etter brannen vart flytt til Helsingfors, for å bli attfødd som Helsingfors universitet. I Åbo finst i dag tre universitet, det svenskspråklege Åbo Akademi og dei finskspråklege Åbo universitet og Åbo handelshøgskola.

Sport endre

Viktige bygningar endre

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Åbo