Gaula
(Omdirigert frå Gaula i Sunnfjord)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Gaula i Sør-Trøndelag. For avisa, sjå Avisa Gaula.
Gaula er ei elv i kommunane Sogndal og Sunnfjord i Vestland. Gaula byrjar som to elvar som går saman til ei. Den nordlege delen byrjar som utløp frå Tredjevatnet i Førde og renn vestover gjennom Grøningsstølsvatnet, Haukedalsvatnet og Lauvavatnet før ho renn ut i Viksdalsvatnet. Den sørlege delen byrjar som utløp frå Nystølvatnet på Gaularfjellet og renn vestover gjennom Myravatnet i Gaular før ho òg renn ut i Viksdalsvatnet. Frå Viksdalsvatnet renn Gaula vestover, mellom anna gjennom Hestadfjorden, før ho renn ut i Dalsfjorden.
Gaula | |||
elv | |||
Elva Gaula
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Kjelde | Tredjevatnet i Førde og Nystølvatnet | ||
Munning | Dalsfjorden | ||
Gaula 61°21′59″N 5°41′48″E / 61.3664°N 5.6968°E | |||
Wikimedia Commons: Gaula, Sogn og Fjordane |