Sogndal kommune

kommune i Sogn og Fjordane fylke i Noreg

61°14′N 7°5′E / 61.233°N 7.083°E / 61.233; 7.083

Sogndal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Sogndalsfjøra
Areal 1 257,89 km²
 - land 1 230,89 km²
 - vatn 27,00 km²
Folketal 12 319  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap) (2023)
Kommunenr. 4640
Kart
Sogndal kommune
61°13′47″N 7°06′02″E / 61.229722°N 7.100556°E / 61.229722; 7.100556
Wikimedia Commons: Sogndal
Nettstad: www.sogndal.kommune.no
Bilete frå Sogndal ca. 1898-1900 tatt av fotograf Nils O. Reppen frå Reppen i Sogndalsdalen. Oksekjerra tilhøyrer Ingebrigt Nes som sit bak. Foran han sit Nils Hove, kjent som "Gamle-Nils". Tilhøyrer Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndal er ein kommune i Vestland fylke. Han ligg langt inne i Sognefjorden og grensar til Luster i nord og aust, Lærdal i sør over fjorden, Leikanger i sør og vest og til Balestrand i nordvest. Folk frå Sogndalsfjøra kallar seg sogndøler, medan dei som er busette i Fjærland ofte kallar seg fjærlendingar, folk i Norane nører og folk på Kaupanger kaupingar.

Innbyggjartalet er fordelt på Sogndal (rundt 5000) og Kaupanger (rundt 1500), samt Fjærland (rundt 300).

I tillegg til å vera ei fotballbygd (SIL) blir Sogndal kalla «Saftbygda» - mellom anna kallar supporterlaget til SIL seg for Saftkokaradn. Dette mykje på grunn av Lerum Fabrikker som har avdelingar i bygda. I tillegg til fotballproffar fostrar Sogndal òg Idol-deltakarar. I den tredje omgangen av den norske versjonen av Idol i 2004, deltok Eva Weel Skram og Tone Damli Aaberge.

Regionsenter og skulestad endre

 
Sogndal sett frå Åberge.

Sogndal vert rekna som regionsenteret for Sogn.

Hovudadministrasjonen til Høgskulen i Sogn og Fjordane ligg i Sogndal, med nær 2000 studentar. Her ligg òg Sogndal vidaregåande skule.

Tettstader endre

Verd å vitja endre

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for Sogndal kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
3430ab 3353ab 3661ab 3749ab 3899ab 4474a 5506a 5970a 6647 7035
a Talet omfattar ikkje Fjærland sokn, som var del av Balestrand kommune fram til det vart overført til Sogndal i 2000. Dette området hadde då 288 innbyggjarar
b Talet omfattar ikkje Tingstad allmenning, som var del av Leikanger kommune fram til 1964, då det vart overført til Songdal kommune. Dette området hadde då 5 innbyggjarar.

Kjende personar frå Sogndal endre

Kjelder endre

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Sogndal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre

Arkiv frå Sogndal - registrerte i Arkivportalen.no

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.