Gaute M. Gundersen

Gaute Melby Gundersen (fødd 13. juni 1972) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo. Frå 1991 till 1997 vart han kvart einaste år noregsmeister i 110 meter hekk.

Gaute M. Gundersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juni 1972 (51 år)
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett 1995, VM i friidrett 1997, VM i friidrett innendørs 1993, VM i friidrett innendørs 1995, VM i friidrett innendørs 1997, EM i friidrett 1994, EM i friidrett 1998

Aktiv endre

Etter å ha vunne NM-bronsen i 110 meter hekk i 1990, var Gundersen frå den 1991 dominerande korthekkløparen i Noreg fram til han la opp i 1998. Åra 1991-97 sikra han seg sju gullmedaljar i rad. Sommaren 1994 flytta han den norske rekorden til 13,71 sekund i Istanbul og deretter til 13,68 ved noregsmeisterskapen på Lillehammer. Under eit stemne 28. juni 1995 i Helsinki forbetra han rekorden til 13,65 sekund. Den 14. juni 1997 gjorde han sitt livs kjappaste hekkeløp, tida 13,62 sekund gjaldt som landsrekord i 15 år.

Gundersen var elles ein habil sprintar med bestetid 10,65 sekund på 100 meter og 21,31 på 200 m. Den siste tida oppnådde han i 1994, same året som han vann bronsemedaljen på 200 m i noregsmeisterskapen.

Plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Gundersen var medlem i Lambertseter IF til 1992. Sidan representerte han SK Vidar, bortsett frå 1996-sesongen då han var medlem i TIF Minerva. Han la opp etter 1998-sesongen.

Kjelder endre