Gavrilov Posad

by i Russland

Gavrilov Posad (russisk Гаври́лов Поса́д) er ein by i Ivanovo oblast i Russland med om lag 6500 innbyggjarar. Han ligg ved elva Irmes, ei sideelv til Nerl, rundt 75 km sørvest for Ivanovo.

Gavrilov Posad
Гаврилов Посад
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Gavrilov Posad
Byvåpenet til Gavrilov Posad


Plassering
Gavrilov Posad is located in Russland
Gavrilov Posad is located in Ivanovo oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Ivanovo oblast
Grunnlagd
Bystatus
1200-talet
1789
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

6 515
Koordinatar 56°34′N 40°7′E / 56.567°N 40.117°E / 56.567; 40.117
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) 49355

Gavrilov Posad vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1434 som busetnaden Gavrilovskoje. Ein meiner at han vart grunnlagd ein gong på 1200-talet av Vsevolod III av Vladimir, og kalla opp etter son hans Svjatoslav, sin hadde Gavrijl som andre førenamn. I 1609 vart busetnaden endra til Gavrilova sloboda. I 1789 vart namnet endra til Gavrilovskij Posad og han fekk byrettar. Det noverande namnet fekk byen først på 1900-talet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.