Posad (russisk посад) var ein busetnadtype i Det russiske keisarriket som låg inntil ein by, ein kreml eller ved eit kloster. Han var eit eige samfunn som verka fråskild frå byen det låg ved.[1] Innbyggjarane i ein posad var vanlegvis handverkarar og handelsmenn, kjend som posadskije ljudi (posadfolk). Dei dreiv handel med varer som keramikk, glas, koparvarer, våpen, klede, ikon, voks, salt og mat.

Marknadsplassen i Pavlovskij Posad rundt 1900.

Ein posad var ofte omgjeven av festningsverk og ei vollgrav.[2] Mange posader utvikla seg til byar. Dei som låg ved ein kreml gav ofte lokale stadnamn, som Nagornyj Posad (Den øvre busetnaden) og Kazanskij Posad for det historiske senteret i Kazan. Dei som låg ved eit kloster vart ofte til byar kalla opp etter klosteret, som Sergijev Posad, som er kalla opp etter det nærliggende Troitse-Sergijeva Lavra. Sjå òg Pavlovskij Posad, Mariinskij Posad og Gavrilov Posad.

Kjelder endre

  1. Brancato, Ekaterina (2009). Markets Versus Hierarchies: A Political Economy of Russia from the 10th century to 2008. Cheltenham: Edward Elgar Publishing. s. 40. ISBN 978-1-84720-811-8.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Moss, Walter G. (2005). A History of Russia: To 1917. London: Wimbledon Publishers. s. 36–37. ISBN 1-84331-023-6.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.