Geir Karlsen

norsk fotballspelar
For næringlivsleiaren, sjå Geir Karlsen (f. 1965).

Geir Sigurd Karlsen (fødd 18. september 1948) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Skien. I åra frå 1969 til 1977 var han 32 gongar målvaktar for Noreg i A-landskampar.

Geir Karlsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. september 1948
Skien
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Karlsen debuterte på Odds Ballklubb i 1966, enno 17 år gammal. Sesongane 1970-73 stod han i mål for Rosenborg Ballklub, der han i sin andre sesong vart både seriemeister og cupmeister. Seinhaustes 1973 vart han overført til den skotske klubben Dunfermline Athletic. Etter to år i Skottland tok han over som burvaktar i osloklubben Vålerengen, der han spelte ut 1979-sesongen. Til sist avslutta han slik han byrja, med fire sesongar i Odd.

MerittarEndra

  • Seriemeister: 1971 med Rosenborg
  • Noregsmeister: 1971 med Rosenborg

KjelderEndra