Skien kommune

kommune i Vestfold og Telemark

Skien kommune (uttalt /²ʃeːen/ [²ʃeːɛn̻]) er ein kommune i Telemark-området i Vestfold og Telemark fylke. Kommunen grensar til Sauherad og Kongsberg i nord , Siljan i aust, Porsgrunn og Bamble i sør, og til Drangedal og Nome i vest. Byen Skien er ein av dei eldste byane i Noreg, og har røter attende til år 900.

Skien kommune
kommune
Bryggevannet og Hjellevannet - Skien.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold og Telemark
Adm.senter Skien
Areal 779 km²
 - land 722 km²
 - vatn 57 km²
Folketal 55 924 (1. januar 2023)
Målform Nøytral
Ordførar Hedda Foss Five (Ap)
Kommunenr. 3807
Map
Skien
59°12′29″ N 9°33′10″ E
NO 3807 Skien.svg
Wikimedia Commons: Skien
Nettstad: www.skien.kommune.no

Kommunen har ei flatevidd på 778 km², der om lag 479 km² er skogareal, 46 km² jordbruksareal og 57 km² ferskvatn. Dei 197 km² som er igjen er byområde, bustadområde og industriområde.

Det eldste bygget i kommunen er Gjerpen kyrkje, bygd før 1150. Det høgaste punktet er Skårrafjellet, 814 moh.

Tilknytte SkienEndra

Henrik Ibsen vart fødd i Skien i 1828 og budde i Skiensområdet til han var 16 år. Den store diktaren har gjeve namn kulturhuset i byen, Ibsenhuset.

Odds Ballklubb er ein av dei eldste fotballklubbane i landet, stifta i 1894.

Kjende personar frå SkienEndra

Heile Skienssongen i tekst og lyd. Arkivert 2005-04-28 ved Wayback Machine.

Verdt å sjåEndra

BydelarEndra

VenskapsbyarEndra

SkiensdialektenEndra

Tradisjonelt talemål i det området som no ligg innanfor grensene av Skien kommune, er variantar av grenlandsmålet, som blir klassifisert mellom dei vikværske dialektane.

BakgrunnsstoffEndra

Koordinatar: 59°12′26.9″N 9°36′37.9″E