Geir Toskedal

norsk politikar

Geir Sigbjørn Toskedal (fødd 27. april 1954) er ein politikar for Kristeleg Folkeparti frå Karmøy. Han er stortingsrepresentant for Rogaland fylke sidan 2013.

Geir Toskedal

Fødd27. april 1954 (69 år)
Avaldsnes
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Toskedal, som har vore rektor ved Karmøy Kulturskole, har sidan 1991 representert Kristeleg Folkeparti i kommunestyret i Karmøy. Sidan 2007 har han også vore fylkestingsrepesentant for partiet i Rogaland. Toskedal stod på andreplassen på Rogaland Kristeleg Folkeparti si liste til stortingsvalet 2013, han vart vald inn på Stortinget som representant nummer tretten frå Rogaland. På tinget er han medlem av Kommunal- og forvaltningskomiteen.

Kjelder endre