Gender i Nederland

Gender er ei lita elv i Noord-Brabant i Nederland. Ho spring ut frå eit myrlendt område nær Steensel og renn tjue kilometer gjennom Veldhoven og Meerveldhoven i ein nordaustleg retning mot Eindhoven. Her rann Gender opphavleg gjennom sentrum av byen og rann saman med Dommel, men på 1800-talet vart stykket gjennom gamlebyen fylt att og Gender endar no i De Vest, vollgrava rundt byen, som igjen er tilknytt Dommel.

Gender
elv
Land  Nederland
Kart
Gender i Nederland
51°24′51″N 5°25′35″E / 51.414166666667°N 5.4263888888889°E / 51.414166666667; 5.4263888888889
Wikimedia Commons: Gender (stream)

Gjennom 1900-talet er store delar av av elva vorte kanalisert og vatnet er leia inn i den spesialbygd Afwateringskanaal, som er tilknytt Dommel via Beatrixkanaal og som kontrollerer vassnivået i Dommel.

I 2005 vart det lagt fram planar om å la Gender renn gjennom sentrum av Eindhoven igjen, Nieuwe Gender. Elva skal då renne delvis under bakken og delvis over og til slutt munne ut i Dommel som før, nær jernbanestasjonen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre