Eindhoven er ein kommune og ein by i provinsen Noord-Brabant sør i Nederland og låg opphavleg der elvane Dommel og Gender rann i hop. Gender vart demd opp i etterkrigsåra, medan Dommel framleis renn gjennom byen.

Eindhoven
Flagget til Eindhoven Byvåpenet til Eindhoven
Flagget til Eindhoven Byvåpenet til Eindhoven


Plassering
Plassering av Eindhoven
Plassering av Eindhoven
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Noord-Brabant
Borgarmeister G. Braks
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

88,84 km²
  87,75 km²
  1,09 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2008)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

210 300
  2 377/km²
440 353
775 345
Koordinatar 51°26′N 5°29′E / 51.433°N 5.483°E / 51.433; 5.483
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.eindhoven.eu

Av nabobyar finn ein Son en Breugel, Nuenen, Geldrop-Mierlo, Heeze-Leende, Waalre, Veldhoven, Eersel, Oirschot og Best. Dette området har til saman 440 000 innbyggjarar, medan storbyområdet, som inkluderer Helmond, om lag har 750 000 innbyggjarar. Eindhoven er ein del av Brabantse Stedenrij, eit storbyområde med meir enn to millionar innbyggjarar.

Historie endre

 
Gate i Eindhoven

Eindhoven vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1232, då hertug Hendrik I av Brabant gav Endehoven byrettar, då ein liten by med om lag 170 hus innanfor festningsvollar. Like utanfor bymurane stod ei lita borg. Byen fekk òg rettar om å organisere ein vekentleg marknad og bøndene i dei nærliggjande landsbyane fekk kome til Eindhoven å selje produkta sine. Eindhoven låg òg langs handelsruta mellom Holland og Liège.

Rundt 1388 vart festningsverka bygd sterkare. Og mellom 1413 og 1420 vart ei ny borg bygd innanfor bymurane. I 1486 vart Eindhoven plyndra og brend ned av troppar frå Gelderland. Gjenoppbygginga stod ferdig i 1502 med sterkare festningsvollar og ei ny borg. I 1543 fall derimot Eindhoven igjen då festningsverka ikkje vart vedlikehaldt på grunn av fattigdom.

Ein stor brann i 1554 øydela 75 % av byen, men i 1560 var byen bygd opp att med hjelp frå Vilhelm I av Orange. Under åttiårskrigen skifta Eindhoven eigarar mellom nederlendingane og spanjolane fleire gonger fram til 1583 då spanske styrkar reiv ned bymurane. Eindhoven vart ikkje ein del av Nederland før 1629. Under den franske okkupasjonen leid Eindhoven igjen og mange bygg vart øydelagd av dei invaderande styrkane. Eindhoven vart verande ein liten by fram til byrjinga av den industrielle revolusjonen.

Den industrielle revolusjonen på 1800-talet gjorde at byen voks kraftig. Det vart bygd kanalar, vegar og jernbanar. Eindhoven vart tilslutta den store Zuid-Willemsvaart-kanalen gjennom via Eindhovens Kanaal i 1843 og vart tilslutta jernbanen til Tilburg, 's-Hertogenbosch, Venlo og Belgia mellom 1866 og 1870. Industrien baserte seg på tobakk og tekstilar og blømde ytterlegare då elektronikkgiganten Philips vart grunnlagd som ein lyspærefabrikk i Eindhoven i 1891.

Den eksplosive veksten til industrien i regionen og behovet for fleire heimar for alle arbeidarane kravde store administrative endringar sidan Eindhoven framleis var avgrensa av vollgravene frå mellomalderen. I 1920 vart dei fem nabokommunane Woensel, Tongelre, Stratum, Gestel en Blaarthem og Strijp innlemma i kommunen Groot-Eindhoven (Stor-Eindhoven). Seinare vart forstavinga «Groot-» vart seinare tatt bort.

Tidleg på 1900-talet vart industrien vidare utvikla med bil- og lastebilfabrikken DAF.

Storskala bombetokt under den andre verdskrigen for å støtte fallskjermjegerar med å sikre bruene i og rundt byen øydela store delar av Eindhoven. Gjenoppbygginga etterlét få historiske restar og byen vart bygd opp att med mange høghus. I 1960-år vart det teke få omsyn for å ta vare på den historiske arva. Det vart bygd eit nytt rådhus og det gamle nygotiske rådhuset frå 1867 vart rive ned for å gje rom til ein hovudveg som aldri vart bygd.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eindhoven

Kjelder endre

Fotnotar endre