Eugene Martynec (fødd 28. mars 1947 i Tyskland) er ein kanadisk musikar og produsent. Han vart først kjend som gitarist i Bobby Kris & The Imperials i august 1965. Han forlet gruppa i mai 1967 og danna Kensington Market i lag med Keith McKie, Alex Darou og Jimmy Watson.

Gene Martynec
Fødd 28. mars 1947
Tyskland
Yrke komponist, musikkprodusent

Martynec er òg kjend som plateprodusent. Han vann Junoprisen som årets produsent i 1981 for arbeidet på Bruce Cockburn sin «Tokyo» og Rough Trade sin «High School Confidential». Han har òg spelt med Lou Reed på hans Berlin i 1973.

KjelderEndra