Opna hovudmenyen
Berlin
Studioalbum av Lou Reed
Utgjeve juli 1973
Innspelt Morgan Studios i London
Record Plant Studios i New York
Sjanger Rock
Kunstrock
Lengd 49:26
Selskap RCA
Produsent Bob Ezrin
Kritikk
Lou Reed-kronologi
Transformer
(1972)
Berlin Rock 'n' Roll Animal
(1974)


Berlin er eit album frå 1973 av Lou Reed, det tredje soloalbumet hans og oppfølgjaren til Transformer. I 2003 vart albumet rangert på 344. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, sjølv om magasinet 30 år tidlegare hadde kalla albumet «ein katastrofe».

Bakgrunn og produksjonEndra

Albumet er ein tragisk rockeopera om eit ektepar dømd til undergang, og omhandlar tema som dopmisbruk og depresjon. Då det kom ut var ikkje tilhengjarar og kritikarar positive, sidan mange venta seg eit nytt glamrockalbum. Trass i lunken mottaking nådde det 7. plass på albumlista i Storbritannia, den høgaste plasseringa til Reed der. Dårleg sal i USA, ein 98. plass på lista, og hard kritikk, gjorde at Reed følte seg desillusjonert med tanke på albumet og dei neste åra spelte han sjeldan noko frå Berlin på konsertane sine. I løpet av åra har Berlin blitt rekna som eit av dei beste studioalbuma til Lou Reed.

Musikalsk skil Berlin seg stort frå det meste av det andre Reed skreiv med bruk av tunge orkesterarrangement, horn og dyktige studiomusikarar. Reed sjølv medverkar berre med vokal og akustisk gitar.

«The Kids» fortel soga om Caroline som får ungane teken frå seg av styresmaktene. Mot slutten av songen kan ein høyre born som ropar på ungane sine. Dette er borna til produsent Bob Ezrin og lenge gjekk det rykte om at han hadde fått til gråten ved å fortelje ungane at mora deira aldri kom til å kome heim igjen, men dette er avkrefta av Ezrin sjølv. The Waterboys tok namnet sitt frå ei linje i denne songen.[5]

Som med dei to førre studioalbuma til Reed, hentar Berlin fleire songar som alt var skrivne og spelte inn tidlegare. Tittelsporet vart først gjeven ut på debutalbumet til Lou Reed som soloartist, Lou Reed, berre her med forenkla tekst, i ein annan toneart og omskrive for piano. «Oh, Jim» er ei nyinnspeling av eit unytta Velvet Underground-opptak kalla «Oh, Gin». «Caroline Says (II)» er ei omskriving av «Stephanie Says» frå VU. Velvet Underground spelte òg inn ein heller satt demo av «Sad Song», som i originalen hadde langt mildare tekst. «Men of Good Fortune» vart òg spelt av Velvet Underground så tidleg som i 1966.

KonsertframføringEndra

Reed og produsent Bob Ezrin planla ei sceneframføring av albumet då det kom ut, men dette vart skrinlagd på grunn av blanda kritikk og dårleg sals av albumet. I 2007 fullførte Reed desse planane med eit 30 mann stort orkester og 12 kor songarar.[6] Regissør Julian Schnabel filma konserten som vart gjeven ut i 2008 som Lou Reed's Berlin, som fekk god kritikk.[7][8] Albumet vart digitalt nymastra og gjeven ut på ny same året.

Andre versjonarEndra

«Caroline Says II» er spelt inn av mange andre artistar: Suede og Siouxsie Sioux i 1993,[9] og Antony and the Johnsons.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Lou Reed

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Berlin»   3:23
2. «Lady Day»   3:40
3. «Men of Good Fortune»   4:37
4. «Caroline Says I»   3:57
5. «How Do You Think It Feels»   3:42
6. «Oh, Jim»   5:13
Side to
# Tittel Lengd
7. «Caroline Says II»   4:10
8. «The Kids»   7:55
9. «The Bed»   5:51
10. «Sad Song»   6:55

MedverkandeEndra

  • Lou Reed – vokal, akustisk gitar
  • Bob Ezrin – piano, mellotron, produksjon, arrangement
  • Michael Brecker – tenorsaksofon
  • Randy Brecker – trompet
  • Jack Bruce – bass; bortsett frå «Lady Day» & «The Kids»
  • Aynsley Dunbar – trommer; bortsett frå «Lady Day» & «The Kids»
  • Steve Hunter – elektrisk gitar
  • Tony Levin – bass på «The Kids»
  • Allan Macmillan – piano på «Berlin»
  • Gene Martynec – akustisk gitar, synthesizer og vokalarrangement på «The Bed», bass på «Lady Day»
  • Jon Pierson – basstrombone
  • Dick Wagner – korvokal & elektrisk gitar
  • Blue Weaver – piano på «Men of Good Fortune»
  • B.J. Wilson – trommer på «Lady Day» & «The Kids»
  • Steve Winwood – orgel & harmonium
  • Steve Hyden, Elizabeth mars, Lou Reed, Dick Wagner – kor
  • Bob Ezrin – produsent
  • Allan Macmillan – arrangement

KjelderEndra

  1. Deming, Mark. Berlin av Lou ReedAllmusic
  2. Ryan Schreiber, Pitchfork Media review
  3. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=Lou+Reed Robert Christgau review]
  4. Davis, Stephen (20. desember 1973). «Lou Reed: Berlin : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 2009-06-28. Henta 4. oktober 2011. 
  5. «FAQ». mikescottwaterboys. Henta 4. oktober 2011. 
  6. Pilkingon, Ed (June 6, 2007). «The day the wall came down». The Guardian (London). Henta 4. oktober 2011. 
  7. Lou Reed's Berlin (2007)
  8. Lou Reed's Berlin Movie Reviews, Pictures - Rotten Tomatoes
  9. "Caroline Says II" av Suede og Siouxsie Sioux i 1993 for Red Hot Aids