Genforeningssten

Genforeningssten eller er ein stein med innhogd tekst reist som minnesmerke for den danske Genforeningen i 1920, då delar av Slesvig blei tilbakeført til Danmark frå Tyskland.

Minnestein reist like sør for den gamle grensekroa nord for Christiansfeld, der dei «heimvende» sørjydane helste danskekongen då han kom ridande på den kvite hesten sin.

Den mest kjende steinen står på staden der Christian X reid over den gamle grensa. På steinen står det:

Minde om Kong Chr. X, som her besteg den hvide Hest, Genforeningsdagen den 10 Juli 1920.

Han ligg på Koldingvejen like før Frederikshøj Kro, den gamle grensekroa nord for Christiansfeld.

Frå 1920 til 1938 blei de reist 561 slike steinar, over halvdelen av dei i sjølve 1920. Genforeningen er såleis den enkeltståande hendinga i dansk historie som det er reist flest minnesmerke over.

Alle steinane blei freda i samband med hundreårsjubileet for gjenforeininga.

GalleriEndra

KjelderEndra