Slesvig (tysk Schleswig) eller Sønderjylland er ei dansk nemning på området mellom elvane Ejderen (tysk Eider) i sør og Kongeå i nord i grenseområdet mellom Tyskland og Danmark. Området Slesvig kan i Danmark òg verta kalla Sønderjylland. Området utgjorde fram til 1864 hertugdømet Slesvig, der byen Slesvig (tysk Schleswig) var hovudstad. I 1864 vart området lagt inn under Preussen, og frå 1871 Tyskland. I 1920 vart det avgjort ved ei folkerøysting at Nordslesvig (tysk Nordschleswig) skulle verta del av Danmark, medan Sør-Slesvig (dansk Sydslesvig, tysk Südschleswig), skulle vera del av Tyskland. Sør-Slesvig vart ein del av den tyske delstaten Schleswig-Holstein (dansk Slesvig-Holsten).

Kjelder endre