Opna hovudmenyen

Geoffrey Britton (fødd 1. august 1943) er ein engelsk trommeslagar som er mest kjend for å ha spelt med Paul McCartney & Wings[1] frå august 1974 til januar 1975 og var med på Venus and Mars album.

Geoff Britton
Fødd1. august 1943 (76 år)
FødestadLewisham, South East London
FødenamnGeoffrey Britton
OpphavStorbritannia
Sjanger
InstrumentTrommer
Verka sommusikar

Britton var ein av dei originale medlemmane i det progressive rockbandet East of Eden som vart skipa i Bristol i 1967. Han vart verande i bandet til tidleg i 1970 og spelte på albumet Snafu. Han vart så med i The Wild Angels.[2] Etter å ha slutta i Wings tidleg i 1975 vart Britton medlem av Manfred Mann's Earth Band frå 1978 til 1979, og spelte på Angel Station.[3] I 1977 var han i supergruppa Rough Diamond,[4] og tidleg i 1980-åra spelte han i powerpop-gruppa The Keys.[5]

KjelderEndra

  1. «Mitch Mitchell: drummer with the Jimi Hendrix experience». The Times. 14. november 2008. Henta 20. mai 2018. 
  2. «USSR Angels». Sounds (Spotlight Publications): 2. 28. august 1971. 
  3. «1979 - Angel Station: ALBUM NOTES». Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 20. mai 2018. 
  4. Doyle, Tom (11. mai 1977). «Two tracks to triumph». Beaver Country Times. s. C-4. Henta 20. mai 2018. 
  5. «The Keys :The Keys Album». New Wave Outpost. 2009. Arkivert frå originalen 22. desember 2010. Henta 21. mars 2011.