Geoffrey av Monmouth
Geoffrey av Monmouth (fødd ca. 1100 i Wales,[1] død ca. 1154) var ein britisk historikar og biskop.
Geoffrey av Monmouth | |||
| |||
Fødd | Monmouth | ||
---|---|---|---|
Død | Llandaff Cathedral | ||
Tittel | Anglican Bishop of St Asaph, biskop | ||
Land | Kongeriket England, Kingdom of Glywysing |
Etter å ha studert ved Universitetet i Oxford blei han erkediakon i Landaff og/eller i Monmouth. I 1152 blei han biskop av St Asaph bispedømme.
Den første av bøkene hans var Prophetia Merlini (Profetiane til Merlin), som blei skriven før 1135.[2] Boka er ein serie apokalyptiske visjonar skrive til Merlin. Dette er første gong forma «Merlin» blir brukt; tidlegare var han kjent som «Myrddin». Det er også det første verket om profeten og trollmannen på eit anna språk enn walisisk. Det blei lese av mange, og likt med profetiane til Nostradamus nokre hundreår seinare var det mange som trudde på dei.
Det neste verket, som for ettertida står som hans viktigaste og mest kjente, var Historia Regum Britanniae (Historia om dei britiske kongane), skrive omkring 1136. Det er ei krønike over dei tidlegaste britiske kongar fram til dei angelsaksiske kongar på 600-talet. Det er ingen tvil om at verket ikkje er eit historieverk i moderne forstand; Geoffrey startar med trojanarane som grunnleggjarar av dei britiske kongehusa. Krønika har vore ein viktig inspirasjonskjelde for engelske nasjonallegendar, fordi ho er den eldste bevarte teksten som nemner kong Arthur og Kong Lear. Verket fortsette å ha stor innverknad på britisk historieskriving fram til renessansen.[3]
Det siste kjende verket er Vita Merlini (Livet til Merlin), skrive mellom 1149 og 1151. I verket gjenfortel Geoffrey ei tidlegare Merlinlegende frå den walisiske tradisjonen. Som dei andre bøkene av Geoffrey blei det skrive på latin.
Kjelder
endre- ↑ Crick, J. C.: Monmouth, Geoffrey of (d. 1154/5), Oxford University Press, 2004.
- ↑ Barber, Richard: Arthurian Literature IV, Boydell & Brewer Ltd, 1999-03-01 (en). ISBN 9780859911634. Henta 2016-10-28.
- ↑ Faletra, Michael A.: The History of the Kings of Britain «Introduction», 2007, s. 29.
- Denne artikkelen bygger på «Geoffrey of Monmouth» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mai 2008.