Opna hovudmenyen

University of Oxford (norsk: Universitetet i Oxford) ligg i byen Oxford i England, og er det eldste universitetet i den engelsktalande verda. Det er uvisst kva tid universitetet vart grunnlagd, og det kan vera at det ikkje fann stad som ei enkelt hending. Undervisinga i Oxford kan førast attende til kring 1096. Universitetet er eit kollegieuniversitet, der studentane ikkje er underlagt universitetet sentralt, men eitt av dei mange kollegia som vart oppretta til forskjellige tider og med forskjellige føremål.

University of Oxford
Oxford-University-Circlet.svg
MottoDominus Illuminatio Mea (latin)- «Herren er lyset mitt»
GrunnlagtUvisst, undervising frå 1096[1]
Typekollegieuniversitet, offentleg universitet
RektorChris Patten
StadOxford i England
Studentar18 431
MedlemskapEUA
Nettstadwww.ox.ac.uk

Ved sidan av Universitetet i Cambridge er det eitt av dei mest prestisjefylde universiteta i verda. Dei to rivalane har konkurrert mot kvarandre i lang tid, men er samstundes på mange vis så like at dei ofte går under fellesnamnet Oxbridge.

KjelderEndra

  1. A Brief History of the University Arkivert 11. april 2008 på Wayback Machine.. University of Oxford (engelsk)
  Denne utdanningsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.