Geographical mile
Geographical mile er ei engelsk måleeining, definert som eit midlare meridianminutt, eller 1853,325 m. Eininga vert lite brukt i dag, og er i praksis avløyst av nautisk mil, som er 1852 m. Ei engelsk geographical mile er altså om lag fjerdedelen av den geografiske mila som vart brukt i Noreg og Danmark.