Opna hovudmenyen

Ein alder i geologien er eit tidsavsnitt i historia til jorda. Aldrane kan varierer frå å vere 100 000 år lange til 20 millionar år. Aldrane er underlagd ein geologisk epoke, som igjen er ein del av ein periode.

Neogen, den noverande perioden, vert vanlegvis inndelt i tolv aldrar:

  • I epoken miocen er dette aquitanium, burdigalium, laughium, serravallium, tortonium og messinium;
  • i pliocen er dette zancleum, piacenzium og gelasium;
  • pleistocen vert delt inn i tidleg-, mellom- og seinpleistocen; medan
  • epoken holocen har vart i så kort tid (mindre enn 12 000 år) at ein ikkje har delt han i aldrar enno.

Vitskapen som forskar på og definerer aldrar heiter stratigrafi.