Geologisk epoke
Ein epoke i geologien er eit tidsavsnitt i historia til jorda. Ein epoke kan var frå mellom 12 000 år til 50 millionar år. Epokar er ein del av ein periode, og er sjølv delt inn i aldrar.
Den yngste av æraene, kenozoikum, vert vanlegvis delt inn i sju epokar:
- paleocen (66–56 millionar år sidan),
- eocen (56–34 millionar år sidan),
- oligocen (34–23 millionar år sidan),
- miocen (23–5 millionar år sidan),
- pliocen (5 330 000–1 810 000 år sidan),
- pleistocen (1 810 000–11 500 år sidan) og
- holocen (frå 9500 f.Kr. til i dag).
Vitskapen som forskar på og definerer epokar heiter stratigrafi.