Geologisk alder
(Omdirigert frå Geologisk tidsalder)
Ein alder i geologien er eit tidsavsnitt i historia til jorda.[1] Aldrane kan varierer frå å vere 100 000 år lange til 20 millionar år. Aldrane er underlagd ein geologisk epoke, som igjen er ein del av ein periode.
Neogen, den noverande perioden, vert vanlegvis inndelt i tolv aldrar:
- I epoken miocen er dette aquitanium, burdigalium, laughium, serravallium, tortonium og messinium;
- i pliocen er dette zancleum, piacenzium og gelasium;
- pleistocen vert delt inn i tidleg-, mellom- og seinpleistocen; medan
- epoken holocen har vart i så kort tid (mindre enn 12 000 år) at ein ikkje har delt han i aldrar enno.
Vitskapen som forskar på og definerer aldrar heiter stratigrafi.[2]
Kjelder
endre- ↑ Tjernshaugen, Andreas (26. januar 2023). «alder – geologisk tidsavsnitt». Store norske leksikon (på norsk). Henta 16. april 2023.
- ↑ Bryhni, Inge (3. desember 2022). «stratigrafi – geologi». Store norske leksikon (på norsk). Henta 16. april 2023.