Georg Buljo
Georg Buljo (fødd 2. februar 1969 i Oslo) er ein norsk-samisk musikar og produsent. Han er fødd i Oslo og oppvaksen med samisk far og norsk mor.[2] I 1994 var han med på å starte bandet Locomotives saman med mellom anna Kåre Vestrheim.[3] Dei var aktive fram til 2001 og varma mellom anna opp for The Cure, og David Bowie.[4] I 2002 etablerte han plateselskapet Duippidit.
Georg Buljo | |||
| |||
Fødd | 2. februar 1969 (55 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo[1] | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | gitar, perkusjon, vokal | ||
Plateselskap | Duippidit | ||
Verka som | musikar, gitarist, komponist |
Buljo har samarbeidd med mange artistar som produsent, mellom andre Mari Boine, Lars Bremnes og Niko Valkeapää. Samarbeidet med Valkeapää starta allereie i 1995 og dei har halde fram med å samarbeide sidan, sist på Gáldu (2019). Dei fekk Spellemannsprisen i open klasse for Niko Valkeapää i 2003.
Den fyrste soloplata, Saxapahaw gav han ut i 2011.[5]
I 2015 var Buljo festspelprofil på Festspillene i Nord-Norge.[4]
Diskografi
endre- Saxapahaw, 2011
Kjelder
endre- ↑ Pettersen, Monica Falao. (20. desember 2015). Hybriden Georg. NRK.
- ↑ Buljo blir festivalprofil. (10. desember 2014). High North News.
- ↑ Locomotives. (22. januar 1999). Dagbladet.
- ↑ 4,0 4,1 Lanes, Laila. (9. desember 2014). Multiartist blir neste års festspillprofil. NRK.
- ↑ Gælok, Jon Isak L. og Siv Eli Vuolab. (18. april 2011). Ii dušše čuojaheaddji, muhto artista. NRK.