Georg Johan Knap

norsk politikar

Georg Johan Knap (20. november 183113. oktober 1907) var ein norsk sjømann, skipsreiar og Høgre-politikar.

Georg Johan Knap
Georg Johan Knap.jpg
Fødd20. november 1831
Død13. oktober 1907 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Knap var fødd i Fredrikshald, far hans var skipper. I yngre år var han tilsett i ei forretning i heimbyen, sigla så ei tid til sjøs. Han tok styrmannseksamen i 1852 og var skipper åra 1861-70. Knap slo seg 1859 ned i Tønsberg, der han var skipsreiar. Styremedlem i Tønsberg privatbank 1877-1905, formann dei siste tolv åra.

Frå 1877 til -98 var Knap medlem av bystyret i Tønsberg, ordførar 1884 og 1888.

Knap var varamann frå Tønsberg ved tre påfylgjande stortingsval. Siste perioden som varamann, 1892-94, møtte han frå 5. mai 1893 og ut valperioden i staden for Johannes Harbitz. Perioden 1895-97 representerte han Tønsberg på Stortinget. 1893-94 var han medlem av næringskomite nr 1, 1895-97 av tollkomiteen.

Han vart i 1899 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Frå den franske regjeringa vart Knap i 1871 tildelt ei æresmedalje i gull, ettersom han fekk redda eit fransk skipsmannskap.

Knap døydde i Tønsberg i 1907.

KjelderEndra

  • Johnsen, Oscar A.: Tønsbergs historie, bind 3. 1952-54
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914