George Biddell Airy
George Biddell Airy (27. juli 1801–2. januar 1892) var ein britisk astronom.
Airy var professor i Cambridge frå 1826 til 1835 og Astronomer Royal og direktør for Greenwich-observatoriet frå 1835 til 1881. Han rekna det å finne posisjonane til himmellekamane som hovudoppgåva til observatoriet. Han vart kritisert for å halde attande føreseiinga til John C. Adams om Neptun slik at planeten vart funnen på basis av samsvarande utrekningar av den franske astronomen Urbain Leverrier. Det viktigaste arbeidet til Airy låg innafor himmelmekanikk, men namnet hans vert no mest knytt til optikk, særleg teorien for astigmatisme.
Kjelder
endre- «George Biddell Airy», Store norske leksikon, 26. april 2011, henta 16. juli 2016