George Jackson av Bob Dylan

«George Jackson»
Singel av Bob Dylan
A-side

«George Jackson (Big Band version)»

B-side

«George Jackson (Acoustic version)»

Utgjeve 12. november 1971
Innspelt Columbia Studio B, New York City: 4. november 1971
Sjanger Protestsong
Lengd 5:38 (Big Band version) / 3:37 (Acoustic version)
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Dylan
Bob Dylan-kronologi 
«Watching the River Flow»
(1971)
«George Jackson» «Knockin' on Heaven's Door»
(1973)


«George Jackson» er ein song av Bob Dylan, skriven i 1971 som ei hyllest til leiaren av Black Panther, George Jackson, som nyleg hadde vorte skoten og drepen av vaktar i San Quentin Prison den 21. august 1971. Denne hendinga var ei indirekte årsak til opprøret i Attica Prison. Teksten til Dylan syner med biografiske detaljar tydeleg at det er George Jackson frå Black Panther det er snakk om[1]

Dylan spelte inn songen 4. november 1971,[2] og vart raskt gjeven ut på singel den 12. november 1971.[2] Singelen bestod av ein «Big Band version» (storbandutgåve) på A-sida og ei akustisk utgåver på B-sida.[3]

Singelen nådde 33. plass på Billboard-lista i USA.[4] A-sida vart seinare gjeven ut på albumet Masterpieces i 1978, som berre kom ut i Japan og Australia. Begge utgåver finst i dag på iTunes som ein del av Bob Dylan: The Collection.[5]

Singelen er den einaste i lag med «Watching the River Flow» dei einaste to songane Dylan skreiv i perioden 1971-72, mellom albuma New Morning (1970) og Pat Garrett and Billy the Kid (1973).

Medverkande

endre

Big Band Version:

Acoustic Version:

  • Bob Dylan (gitar, munnspel, vokal)[2]

Kjelder

endre