Opna hovudmenyen

Ben Keith

amerikansk gitarist og musikkprodusent

Bennett Keith Schaeufele (6. mars 193726. juli 2010), betre kjend som Ben Keith, var ein amerikansk musikar og plateprodusent. Han er mest kjend for å ha spelt pedalsteelgitar med Neil Young, Keith var fast i countrymiljøet i Nashville i 1950- og 1960-åra, før han arbeidde med mange rock-, country og popartstar som produsent og musikar i over fire tiår.

Ben Keith
Ben Keith.jpg
Fødd6. mars 1937
FødestadFort Riley i Kansas
Død26. juli 2010 (73 år)
DødsstadSan Mateo County
FødenamnBennett Keith Schaeufele
OpphavUSA
Aktiv1950-åra–2010
SjangerRock, folkrock, hardrock, countryrock, pop
InstrumentGitar, pedalsteelgitar, vokal, keyboard, piano
Tilknytte artistarNeil Young
PlateselskapReprise, Geffen
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent, studiomusikar

Keith vart fødd i Fort Riley i Kansas før han flytte til Bowling Green i Kentucky. Han flytte så til Nashville der han arbeidde som studiomusikar.[1]

Keith arbeidde først med Neil Young i 1971 på Harvest. Dette samarbeidet skulle vare i nesten 40 år, og Keith spelte på mange Neil Young-album og turnear.

I tillegg til Young har Keith arbeidd med Terry Reid, Todd Rundgren, Lonnie Mack, The Band, Blue, David Crosby, Graham Nash, Paul Butterfield, J. J. Cale, Linda Ronstadt, Warren Zevon, Ian og Sylvia, Emmylou Harris, Willie Nelson, Waylon Jennings, Anne Murray og Ringo Starr. Han var òg produsent for debutalbumet til Jewel, Pieces of You og har arbeidd som soloartist.[2] Han turnerte med Crosby Stills Nash & Young på turneen deira i 2006.

Keith døydde av blodpropp i lunga då han var heime hos Young i Nord-California den 26. juli 2010.[1]

DiskografiEndra

  • To a Wild Rose (En Point, 1984)
  • Seven Gates: A Christmas Album by Ben Keith and Friends (1994)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Ben Keith, Neil Young's steel guitarist: 1937-2010». Latimesblogs.latimes.com. Henta 22. juli 2017. 
  2. «Ben Keith - Steel Guitar at the Cool Groove». Thecoolgroove.com. 27. juli 2010. Henta 22. juli 2017. 

BakgrunnsstoffEndra