George Fitzgerald Smoot III (fødd 20. februar 1945) er ein amerikansk astrofysikar og kosmolog. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2006 saman med John C. Mather. Dei mottok prisen for oppdaginga av den kosmiske mikrobølgjebakgrunnsstrålingens svartlekamform og anisotropi.

George Smoot

George Smoot under POVO-konferansen i Nederland
FøddGeorge Fitzgerald Smoot III
20. februar 1945 (79 år)
Yukon i Florida i USA
BustadFrankrike
NasjonalitetAmerikansk
Områdeastrofysikk
Yrkeastronom, kosmolog, astrofysikar, fysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of California, Berkeley
Alma materMassachusetts Institute of Technology
DoktorgradsrettleiarDavid H. Frisch
Kjend forKosmisk mikrobølgjebakgrunnsstråling
MedlemAmerican Physical Society
National Academy of Sciences

Han fullførte sin Ph.D. ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i 1970 og har frå 1970 vore forskar ved Lawrence Berkeley National Laboratory. Smoot gjorde sine første forsøk på å måle temperaturskilnader i den kosmiske bakgrunnsstrålinga i 1976 og greidde da å bestemme farten til jorda gjennom bakgrunnsstrålinga ved hjelp av utstyr plassert i eit U2 rekognoseringsfly. Han vart seinare leiar for den delen av COBE-prosjektet som dreidde seg om å måle temperaturskilnader i den kosmiske bakgrunnsstrålinga. Smoot annonserte i 1992 at forskningsgruppa hans hadde greidd å måle temperaturvariasjonar i strålinga som hadde oppstått omtrent 400 000 år etter big bang. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 2006 saman med John C. Mather.

Prisar og utmerkingar (utval)

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre