George Vancouver
George Vancouver (22. juni 1757–10. mai 1798) var ein engelsk sjøoffiser og oppdagar. Han blei berre 41 år gammal og døydde i 1798, men rakk likevel å få namnet sitt i historia.
George Vancouver | |
Statsborgarskap | Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 22. juni 1757 King's Lynn |
Død | |
Yrke | oppdagar, offiser, skribent |
Språk | engelsk |
George Vancouver på Commons |
Vancouver blei fødd i King's Lynn i England i 1757. I 13-årsalderen gjekk han inn i marinen og deltok på James Cook sin andre og tredje ekspedisjon jorda rundt. I 179] leia han ein ekspedisjon som utforska Nord-Amerika sin stillehavskyst. Han brukte tre år på denne oppgåva.
George Vancouver var den første som sigla rundt den store øya Vancouver Island, som saman med byen Vancouver seinare skulle bli kalla opp etter han. Eigenleg stammar namnet frå van Coevorden, ei slekt frå byen Coevorden i nordaustre Nederland.[1]
Fotnotar
endre- ↑ The History of Metropolitan Vancouver Arkivert 2011-06-10 ved Wayback Machine..