Georgia O'Keeffe
Georgia Totto O’Keeffe (15. november 1887–6. mars 1986) var ein amerikansk målar, kjend som ein av dei største amerikanske målarane innan den modernistiske tradisjonen på 1900-talet.
Georgia O'Keeffe | |
![]() | |
Fødd | 15. november 1887 Sun Prairie |
Død |
6. mars 1986 (98 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar |
Sjanger | stilleben, blomstermåleri, abstrakt kunst, feminist art, landskapsmåleri |
Far | Francis O'Keeffe |
Mor | Ida Ten Eyck Totto |
Ektefelle | Alfred Stieglitz |
Georgia O'Keeffe på Commons |
O'Keeffe er kjend for sine abstrakte måleri av blomstrar, dyrebein og landskap, inspirert av storbyen og av ørkenen. Ho var ein av dei første amerikanske kunstnarane som laga heilt abstrakt kunst.[1] Av mange er ho rekna som den første amerikanske kunstnaren som arbeidde utan påverknad frå den europeiske målartradisjonen, og som på det viset skapte eit eige amerikansk biletuttrykk.
Ho var gift med fotografen og kunsthandlaren Alfred Stieglitz.
- Georgia O'Keeffe Inside Red Canna 1919.png
Inside Red Canna (1919)
KjelderEndra
- ↑ «Her Life», About Georgia O’Keeffe, Georgia O'Keeffe Museum
BakgrunnsstoffEndra
- Georgia O`Keeffe MuseumDenne kunstartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.