Gerd Karin Bjørhovde

Gerd Karin Bjørhovde (fødd 27. april 1943) er ein norsk professor emerita i engelsk litteraturvitskap.

Gerd Karin Bjørhovde
Fødd27. april 1943
Harstad kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkelitteraturvitar, anglist
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Bjørhovde er frå Harstad. Ho fullførte hovedfaget sitt i engelsk ved Universitetet i Oslo i 1970, og starta i 1971 i ei stilling som lektor ved Tromsø offentlege lærarskule. I 1974 vart ho tilsett som universitetslektor i engelsk ved det nyopprettede Universitetet i Tromsø.

I forskinga si har Bjørhovde vore oppteke av feministiske perspektiv og kvinnelege forfattarar. Ho har forska på kvinneperspektiv i engelskspråkleg litteratur og kvinner sitt bidrag til utviklinga av romanen som kunstnerisk uttrykk. I samanheng med forskinga si har Bjørhovde publisert ei betydeleg mengd forskingsartiklar og vore redaktør for fleire antologiar og bøker.

Ho har vore engasjert i politiske spørsmål og har vore aktiv i Sosialistisk Venstreparti i Tromsø frå 1971–2007, med fleire periodar i kommunestyret, og som gruppeleiar og formannskapmedlem i perioden 1991-1999. I tillegg har ho hatt ei rekkje kulturpolitiske verv i Tromsø opp gjennom åra, blant anna som styremedlem i kinostyret (2000-2007), og i styret for Tromsø internasjonale filmfestival, TIFF (2000-2009). For sistnemnde var ho styreleiar frå 2005 til 2009. Ho er ein aktiv samfunnsdebattant med ei rekkje kronikkar, foredrag og debattinnlegg på samvitet.

Frå 2002–2008 var Bjørhovde prorektor ved Universitetet i Tromsø, der ho hadde eit spesielt fokus på internasjonalisering av forsking og utdanning og på likestillingsarbeid ved universitetet. Ho har òg hatt ei lang rekkje verv i komitear, utval og styrar. Blant anna var ho leiar for Kif-komitéen i åra 2007–2013 (Kvinner i forsking - integreringskomiteen, frå 2014 kalla Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking). Ho var nestleiar i styret for Senter for grunnforsking frå 2004 til 2013. Ho har òg vore styremedlem og nestleiar i Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarsamskipnad i 1990–1998, og styreleiar for Det faglitterære fond i åra 1998–2004

Bjørhovde mottok Troms fylkes likestillingspris i 1993 blant anna for initiativet og ideen til «kvinneforskarmaraton», arrangementet Nettverk for kvinner i forsking ved UiT starta i 1989. I 1998 mottok ho òg Universitetet i Tromsøs likestillingspris.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre