Gerry Goffin
Gerald Goffin (11. februar 1939–19. juni 2014) var ein USA-amerikansk tekstforfattar. I lag med kona si Carole King skreiv han mange internasjonale pophittar tidleg og midt på 1960-talet, som «Will You Love Me Tomorrow», «Take Good Care of My Baby», «The Loco-Motion» og «Go Away Little Girl». Det vart seinare sagt at Goffin hadde ei gåve med å «finne ord som uttrykte det så mange unge folk kjende, men ikkje klarte å setje ord på.»[1]
Gerry Goffin | |||
| |||
Fødd | 11. februar 1939 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brooklyn i New York i USA | ||
Død | 19. juni 2014 (75 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles i California i USA | ||
Fødenamn | Gerald Goffin | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1959–2014 | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | Adelphi, UAR, Manticore | ||
Verka som | Tekstforfattar | ||
Gift med | Carole King | ||
Born | Louise Goffin | ||
Prisar | Grammy Trustees Award, Rock and Roll Hall of Fame |
Etter han og King vart skilde, skreiv Goffin med andre komponistar, som Barry Goldberg og Michael Masser, og med dei skreiv han mellom anna «Theme from Mahogany (Do You Know Where You're Going To)» og «Saving All My Love for You». I løpet av karrieren sin skreiv Goffin over 114 hittar som gjekk inn på Billboard Hot 100, mellom anna åtte som nådde toppen av lista og 72 songar som gjekk inn på UK Singles Chart.[2] Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1990 i lag med Carole King.
Diskografi
endreSinglar og EP-ar
endre- It's Not The Spotlight (1973), Adelphi Records Inc – AD-452
- Back Room Blood (The CD Single) (1996), Genes Records – GCD 4532
Album
endre- It Ain't Exactly Entertainment (1973), Adelphi Records Inc – AD4102
- Back Room Blood (1996), Genes Records – GCD 4132
- It Ain't Exactly Entertainment Demo & Other Sessions (2010) Big Pink – BIG PINK 92
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gerry Goffin» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Gerry Goffin – obituary», The Telegraph, 20 June 2014. Henta 24. februar 2018
- ↑ Stuart Devoy. «The People Who Created The Soundtrack To Your Life eBook: stuart devoy: Kindle Store». Amazon.com. Henta 21. februar 2018.