Getúlio Dornelles Vargas

brasiliansk advokat

Getúlio Dornelles Vargas (19. april 188224. august 1954) var ein brasiliansk politikar. I 25 år dominerte han den brasilianske politikken, mellom anna som president.

Getúlio Dornelles Vargas

Fødd19. april 1882
São Borja
Død24. august 1954 (72 år)
Statsborgar avBrasil
Yrkeadvokat, politikar
Utdanna vedUniversidade Federal do Rio Grande do Sul
MorCândida Francisca Dornelles
FarManuel do Nascimento Vargas
EktefelleDarci Vargas
BarnLutero Vargas, Alzira Vargas, Jandira Vargas, Manuel Sarmanho Vargas, Getúlio Vargas Filho
MedlemAcademia Brasileira de Letras
Alle verv
  • federal deputy of Rio Grande do Sul (1923–1926)
  • Brasils president (1930–1945)
  • Brasils president (1951–1954)
  • medlem av Brasils senat (1946–1951) Sjå dette på Wikidata

Vargas var fødd i São Borja i delstaten Rio Grande do Sul. Han tok makta i Brasil ved eit statskupp i 1930 og innførte eit personleg diktatur med seg sjølv som president. Han var diktator i perioden 1930-34, president vald av kongressen i perioden 1934-37 og endå ein gong diktator i perioden 1937-45. I 1945 blei han tvinga av militæret til å gå av og blei etterfølgd av Eurico Gaspar Dutra. Vargas blei då senator i Rio Grande do Sul. Denne perioden brukte han aktivt for å skaffe seg ny støtte. I presidentvalet i 1950 vann han med nesten 50 % av røystene. Oppslutninga om Vargas gjekk gradvis ned gjennom heile presidentperioden, med aukande krav om at han måtte gå av. Då han skjøna at han korkje hadde støtte hos parlamentet eller hos militæret, utførte han sjølvmord i presidentpalasset i august 1954.