Eurico Gaspar Dutra
brasiliansk politikar
Eurico Gaspar Dutra (18. mai 1883–11. juni 1974) var ein brasiliansk politikar knytt til partiet Partido Social Democrático.
Eurico Gaspar Dutra | |||
| |||
Fødd | 18. mai 1883 Cuiabá | ||
---|---|---|---|
Død | 11. juni 1974 (91 år) | ||
Statsborgar av | Brasil | ||
Yrke | politikar, militær | ||
Utdanna ved | Academia Militar das Agulhas Negras | ||
Ektefelle | Carmela Dutra | ||
Alle verv |
Frå 31. januar 1946 til 31. januar 1951 var han president i Brasil. Han hadde som krigsminister tvunge forgjengaren sin, den diktatoriske presidenten Getúlio Dornelles Vargas til å trekkje seg. Dette skjedde av di ein frykta at Vargas, etter ei regjeringstid på 15 år (1930-1945), der han aldri hadde blitt vald - og berre hadde hatt legitimitet gjennom militæret, trass i lovnader om det motsette, likevel ville stille til val som president i 1945.
Motorvegen mellom São Paulo og Rio de Janeiro (BR-116/SP-60) er oppkalla etter Dutra.
Kjelder
endre- McCann; Frank D. Soldiers of the Patria: A History of the Brazilian Army, 1889–1937 Stanford University Press 2004, side 441, nest siste avsnitt Se på Google Books