Geulim (hebraisk skrift גְּאֻלִים, tyder Frigjorte) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta nær Netanya og høyrer til Lev HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 774 innbyggjarar.

Geulim
גְּאֻלִים, גאולים
moshav
Land  Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Sentral
Kommune Lev HaSharon
Koordinatar 32°17′55.31″N 34°56′41.63″E / 32.2986972°N 34.9448972°E / 32.2986972; 34.9448972
Areal 2,68 km²
Folketal 896 (2015)
Grunnlagd 17. november 1938
 - Grunnlagd av tyske immigrantar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Geulim
32°17′55″N 34°56′42″E / 32.298697222222°N 34.944897222222°E / 32.298697222222; 34.944897222222
Wikimedia Commons: Geulim

Historie endre

Geulim vart grunnlagd den 17. november 1938 som ei tårn og palisade-busetjing av immigrantar frå Tyskland, og heitte først Bnei Geulim (tyder Søner av dei frigjorte). I 1945 flytta innbyggjarane til Kfar Yedidia, og medlemmar av Talmon-organisasjonen av jemenittiske immigrantar slo seg ned i området. Dei endra namnet til Talmon-Geulim, og seinare til berre Geulim.

Kjelder endre